Vi hjelper deg
Når ein mistar nokon ein er glad i, er det naturleg å verte usikker kring kva som må gjerast. Du treng ikkje stå i det åleine – vi er her for deg.
Vi bistår deg med blant anna:
Planlegging av gravferd; kiste, blomar og minnebok.
Seremoni og minnestund.
Pynting av kyrkja, annonser, songhefte og musikk.
Koordinere tidspunkt mellom stad, prest og andre.
Papirarbeid og skjema.
Nødvendige meldingar, søknader og transport.
Bestilling og oppsetting av gravstein.
Vi saknar deg sårt, det kjennast i hjertet. Alt vi gjer for deg no, er så inderlig verdt det.
Viktigheita av minna
MINNESIDA
Minnesida er ei personleg nettside der ein kan minnast den ein har mista, bestille blomar og skrive ei helsing. På minnesidene finn du også minneannonsa, samt praktiske detaljar kring gravferda som tid og stad.
SONGHEFTE
Vi har spesialisert oss på å lage songhefter som er personlege, med dine bilete både på framside, innside og eventuelt bakside. Desse trykkjer vi sjølve, noko som gjer det enklare for deg å få det resultatet du ønskjer.
MINNEBOK
Etter gravferda lager vi ei minnebok til dykk, som kan vere eit fint og verdig minne frå gravferda. Minneboka inneheld blant anna minneorda, dødsannonsa, songheftet og bileta frå seremonien.
GRAVSTEIN
Vi har eit stort utval av gravstein i ulike steinfargar, kvalitetar og prisklassar. I tillegg kjenner vi til dei lokale vedtektene og skikkane. Oppsett av gravstein er inkludert i prisen hos oss, og vi gjev i tillegg 5 års garanti.
Minnebok
Ei minnebok er eit fint og verdig minne frå gravferda. Denne lager vi etter gravferda, og der har vi samla:
minneord
dødsannonsa
songheftet
nærbilder av blomsterdekorasjonar
foto frå gravferda
Kister
Vi tilbyr eit stort utval av kister i ulike variantar og prisklassar. Under kan du sjå kva kister vi har tilgjengeleg.
Har du spørsmål eller ønskjer å sjå eit større utval,
Utval av gravstein
Vi hjelper deg i arbeidet med å utforme og velje stein, akkurat slik du ønskjer. Det finst tallause steintypar, dekorelement og skrifttypar å velje mellom, så kontakt oss gjerne for råd.
Vi monterer steinen, og kjenner vedtektene på gravplassen. Ønskjer du å pusse opp att eksisterande gravminne, fornye eller inngravere nytt namn på steinen, gjer vi det og.
Du kan sjå heile utvalet av gravstein hos vår leverandør: Silseth Stein