Dei tilsette ved Hjelmeland Begravelsesbyrå: Mariann Johansen, Stine Rake, Odd Kåre Hjelmeland, Elise Bødal og Tone Lise Loen
Dei tilsette ved Hjelmeland Begravelsesbyrå: Mariann Johansen, Stine Rake, Odd Kåre Hjelmeland, Elise Bødal og Tone Lise Loen

Vi er her for deg

Når livet brått endrar seg, og du står midt i sorg og avskjed, er det godt å ha trygge menneske rundt seg. Hjelmeland Begravelsesbyrå har vore her for folk i heile regionen i nærare femti år, og møtt kvar familie med varme, respekt og omtanke.

I dag har vi fem faste tilsette som delar på vakter og oppgåver. Den faglege tyngda og erfaringa frå ulike felt gjer at vi kan møte både dine praktiske og menneskelege behov på ein profesjonell måte.

Ingen situasjonar er like, og vi legg stor vekt på at kvar gravferd skal spegle den som har gått bort, seier leiar Odd Kåre Hjelmeland.

Samtalar med pårørande kan romme både tårer og smil – og kontakten med menneske i ulike livssituasjonar gir oss mykje tilbake. Det å få vere ei støtte i ei vanskeleg tid, og å oppleve at folk set pris på det vi gjer, er ein stor motivasjon.

Her kan du lese meir om kvar du finn oss. Verkeområdet vårt er desse kommunane: Kinn, Bremanger, Stad, Gloppen, Volda, Stranda, Fjord og Stryn.