Når du mistar nokon, er det godt å ha trygge menneske rundt seg.
I snart 50 år har vi i Hjelmeland Begravelsesbyrå lagt til rette for personlege og verdige gravferder,
med omsorg og respekt for det som betyr mest for deg.
Du når oss på telefon heile døgnet, alle dagar.
Til hjelp i sorga sidan 1978
Når ein mistar nokon ein er glad i, er det naturleg å verte usikker kring kva som må gjerast. Du treng ikkje stå i det åleine – vi er her for deg.
Vi bistår deg med blant anna:
Planlegging av gravferd; kiste, blomar og minnebok.
Seremoni og minnemarkering.
Pynting av kyrkja, annonser, songhefte og musikk.
Koordinere tidspunkt mellom stad, prest og andre.
Papirarbeid og skjema.
Nødvendige meldingar, søknader og transport.
Bestilling og oppsetting av gravstein.
Til stades der du er
Hjelmeland begravelsesbyrå har vore her i snart 50 år, og vi hjelper dykk med å lage ei personleg, fin og verdig gravferd akkurat slik de ønskjer.
Verkeområdet vårt er i desse kommunane: Kinn, Bremanger, Stad, Gloppen, Volda, Stranda, Fjord og Stryn.
Besøk våre minnesider
På minnesidene kan du :
minnast den som har gått bort.
bestille blomar.
skrive ei helsing.
Her finn du òg annonsa frå avisa, samt praktiske detaljar kring gravferda – som tid og stad.
Har du spørsmål ?
Her finn du svar på det mange lurer på når dei har mista nokon.
Hugs at du også kan ringe oss, kvar dag heile døgnet,
på 905 50 905.
Vi er her for deg