Her har vi samla nokre av spørsmåla vi oftast får.

Hugs at du er alltid velkomen til å ringe oss for ein prat, på

905 50 905.

  • Det er mange instansar som skal underrettast. Gravferdsbyrået melder dødsfallet til offentlege etatar, også skifteretten, NAV, Folkeregisteret, kyrkjevergen sitt kontor og politiet. Pårørande må sjølve melde frå, til:

    • Bank, forsikringsselskap og fagforeiningar

    • Telefon-, nett- og straumleverandørar

    • Posten

    • Sosiale medier

    • Abonnement og andre foreininga

    Verdt å merke seg

    Gjenlevande ektefelle og næraste arvingar kan i mange tilfelle overta ein del type abonnement og tenester, som til dømes telefonabonnement eller omregistrering av køyretøy.

  • Med mindre den som har gått bort hadde eit spesifikt ønskje, bør de velge det som kjennast rett for deg og dine næraste. Kremasjon har vorte mykje vanlegare dei siste åra, og ein nyttar som oftast same avskjedsseremoni som ved ei ordinær gravferd.

    Skilnaden ved kremasjon er at kista etter seremonien vert bore ut til bårebilen, og følget tek avskjed der. Etter kremasjonen kan ein sette urna ned i ei grav, minnelund, eller spreie aska på ein godkjent stad.

  • Prisen på ei gravferd varierer etter dykkar ønskje, val av produkt og tenester. Vi tek gjerne ei samtale for å få til ei gravferd innafor det som er ei høveleg kostnads-ramme for dykk.

    Når vi har avklart kva de ønskjer, vil de få eit pris-overslag. Transport over 20 km er dekka av NAV.

    Gravferdsstønad

    Gravferdsstønaden blir behovsprøvd. For 2026 blir det gjeven inntil 30.989 kroner til å dekkje faktiske og nødvendige utgifter til gravferda. Dersom avdøde var over 18 år, blir gravferdsstønaden avkorta mot:

    • formue

    • tenestepensjon utbetalt for månaden etter dødsfallet

    • forsikringssum og liknande som blir utbetalt som følgje av dødsfallet.

    Om avdøde var under 18 år, blir det gitt ein uavkorta gravferdsstønad med inntil 39.898 kroner til å dekkje utgifter til gravferda.

  • Dei fleste ønskjer ein form for seremoni i samband med gravferda, men det er ikkje eit krav. Alle som er tilslutta den norske kyrkja får prest derifrå. Dersom det er ønskjeleg med medverknad frå andre trussamfunn eller organisasjonar, kan ein seremonileiar frå den aktuelle parten hjelpe til.

  • Gravferda brukar finne stad i løpet av ei veke etter dødsfallet. Seremonien kan haldast i kyrkja eller i andre lokaler som eignar seg. Vi passar på at alle partar er koordinerte med dei aktørane de ønskjer å involvere.

  • Vi tilbyr oss å pynte kyrkja eller lokalet der de ønskjer å halde seremonien. Vi tek også med med alt som trengs i forbindelse med dette, til dømes:

    • lys og lysestakar

    • vasar

    • kransestativ

    • katafalk (det kista står på)

    Vi assisterer også under kranse-pålegginga, og koordinerer alle helsingar på ein fin og verdig måte. Etter gravferda ryddar vi, og tek med blomar, songhefte og anna de treng å få med til heimen eller til minne-samværet dersom de vel dette.

  • Minnesida er ei personleg nettside der ein kan minnast den som har gått bort og lese dødsannonsa. På same side kan du også bestille blomar frå ein lokal leverandør, og vi syter for at kransen, buketten eller båre-dekorasjonen blir levert til kyrkja eller seremonilokalet.

  • Det er mogleg å få gravferdsstønad når transporten overstig 20 km. Då vert transporten dekka av NAV.

    Dette kan til dømes gjelde transportkostnadar i samband med kremasjon, eller at avdøde må fraktast heim frå ein annan stad i landet. Dette kan du snakke med oss om, dersom du vil vite meir.

    Dei fleste fagforeiningar har også ei ordning med gravferdsstønad for sine medlemmar, og nokre gongar gjeld desse ordningane også for ektefeller. Den avdøde kan ha sikra sine pårørande med pensjon og forsikringar. Dette må de ta opp direkte med fagforeining eller forsikringsselskap.