Begravelsesbyrå på Sandane
Velkomen til Hjelmeland Begravelsesbyrå på Sandane.
Hos oss møter du folk som har tid til deg, som lyttar, og finn løysingar som passar til din situasjon. Når nokon går bort, er vi klare til å hjelpe deg gjennom alt det praktiske – med omsorg og respekt for det som betyr mest for deg.
Hjelmeland Begravelsesbyrå Gloppen
Kontoret vårt ligg på Sandane, og vi er stolte av å vere det einaste begravelsesbyrået i Nordfjord med eige kontor her. Hit kan du som pårørande kome for ein prat, planlegge seremonien eller få svar på spørsmål kring gravferda. Å miste nokon er tungt – og samstundes er det mykje som må ordnast. Frå det første møtet bistår vi så godt vi kan, gjennom heile prosessen.
Frå Sandane-kontoret hjelper vi familiar i heile Gloppen kommune – frå Hyen og Sandane sentrum til Byrkjelo, Reed, Breim og Vereide. Vi har god lokalkunnskap og samarbeider tett med kyrkjer, kapell og gravplassar i området, slik at alt vert gjennomført på ein verdig og trygg måte.
Kva vi tilbyr
Vi tilbyr gravferder tilpassa kvar enkelt familie, mellom anna:
Kyrkjeseremoniar i heile Nordfjord
Livssynsnøytrale seremonistader
Humanistisk seremoni
Personleg gravferd etter eigne ønskje
Praktisk hjelp gjennom heile prosessen
Vi tek oss av alt det praktiske ved ei gravferd, mellom anna:
Kontakt med prest, kyrkje eller seremonistad
Seremoni og transport
Dødsannonsa
Blomster
Gravstein
Songhefte og minnebok
Vi har tid til deg, lyttar og finn løysingar som passar for din situasjon. Difor tilbyr vi gravferder frå det heilt enkle til det meir omfattande – alltid personleg tilpassa.
Telefonen vår er open heile døgnet. Du er velkomen til å ta kontakt med oss når som helst.