Begravelsesbyrå på Stranda
Velkomen til Hjelmeland Begravelsesbyrå på Stranda.
Hos oss møter du folk som har tid til deg, som lyttar, og som finn løysingar tilpassa din situasjon. Når nokon går bort, er vi klare til å hjelpe deg gjennom alt det praktiske – med omsorg og respekt for det som betyr mest for deg.
Hjelmeland Begravelsesbyrå Stranda
Kontoret vårt på Stranda er ei av fleire kontor som Hjelmeland Begravelsesbyrå har i regionen. Hit kan du kome etter avtale, for å planlegge seremonien eller få svar på spørsmål kring gravferda. Frå det første møtet bistår vi deg så godt vi kan, – og vi har døgnopen telefon for å gje deg den hjelpa du treng, når du treng den.
Frå kontoret vårt på Stranda er vi tilstades for heile Stranda og Fjord kommune – frå Stranda sentrum, Liabygda og Hellesylt til Eidsdal, Valldalen, Stordal og Geiranger. Vi kjenner lokalsamfunnet godt, og samarbeider tett med kyrkjer, kapell og gravplassar i området. Uansett kor i regionen du bur, kjem vi til deg når det trengs.
Kva vi tilbyr
Vi tilbyr gravferder tilpassa dine ønskje, mellom anna:
Kyrkjeseremoniar i heile Stranda og Fjord kommune
Livssynsnøytrale seremonistader
Humanistiske seremoniar
Personleg gravferd etter eige ønskje
Praktisk hjelp gjennom heile prosessen
Vi tek oss av alt det praktiske ved ei gravferd, til dømes:
Kontakt med prest og seremonistad
Seremoni og transport
Dødsannonsar
Blomster
Gravstein
Songhefte og minnebok
Vi har tid til deg, lyttar og finn løysingar som passar for din situasjon. Våre gravferder spenner seg difor frå det heilt enkle til det meir omfattande – og er alltid personleg tilpassa.
Du kan kontakte oss på telefon heile døgnet. Ønskjer du å treffe oss på kontoret kan vi sjølvsagt det, etter avtale.