Begravelsesbyrå på Nordfjordeid
Velkomen til Hjelmeland Begravelsesbyrå på Nordfjordeid.
Det var på Nordfjordeid det heile starta i 1978, og i dag er kontoret vårt i Nordfjordvegen ein viktig del av Hjelmeland Begravelsesbyrå.
Når nokon går bort, er vi klare til å hjelpe deg gjennom alt det praktiske – med omsorg og respekt for det som betyr mest for deg.
Hjelmeland Begravelsesbyrå Nordfjordeid
På Nordfjordeid kjenner vi lokalsamfunnet godt. Gjennom snart femti år har vi vore tilstades her, og samarbeider difor tett med kyrkjer, kapell og gravplassar i heile Stad kommune. Kontoret vårt er ope etter avtale. Der møter du folk som har tid til deg, som lyttar, og finn løysingar tilpassa din situasjon.
Frå Nordfjordeid hjelper vi òg pårørande i ytre Nordfjord – frå Måløy, Selje og Stadlandet i nord til Bremanger med Kalvåg, Davik, Rugsund og Ålfoten. Med andre ord har vi lenge vore eit naturleg val for dei som ønskjer eit byrå med djup lokal forankring i denne regionen. Vi kjem til deg når det trengs, og tek oss av kontakt med prest, seremonistad og alt det praktiske – uavhengig av kvar du bur.
Kva vi tilbyr
Vi tilbyr gravferder tilpassa kvar enkelt familie, mellom anna:
Kyrkjeseremoniar i heile Nordfjord
Livssynsnøytrale seremonistader
Humanistisk seremoni
Personleg gravferd etter eige ønskje
Praktisk hjelp gjennom heile prosessen
Vi tek oss av alt det praktiske ved ei gravferd, til dømes:
Kontakt med prest og seremonistad eller kyrkje
Seremoni og transport
Dødsannonsa
Blomster
Gravstein
Songhefte og minnebok
Vi har tid til deg, lyttar og finn løysingar som passar til din situasjon. Difor tilbyr vi gravferder frå det heilt enkle til det meir omfattande – alltid personleg tilpassa.
Kontoret vårt på Nordfjordeid er ope etter avtale, og vi er alltid berre ein telefonsamtale unna – døgnet rundt.