Begravelsesbyrå Stryn
Tonningsgata 42 6783 Stryn
Tlf: 905 50 905
Velkomen til Hjelmeland begravelsesbyrå i Stryn
Hjelmeland Begravelsesbyrå har eit hyggeleg kontor i Stryn sentrum. Dit kan du som pårørande kome for ein prat, planlegge seremoni eller få svar på spørsmål kring gravferda.
Når nokon døyr, står mange i ein uviss og sårbar situasjon, og frå vårt første møte vil vi bistå så godt vi kan med vår kompetanse – gjennom heile prosessen. Difor har vi også døgnåpen telefon for å gje deg den hjelpa du ønskjer.
Hjelmeland begravelsesbyrå tilbyr blant anna:
- kyrkjeseremoniar i heile Nordfjord 
- livssynsnøytrale seremonistader i Nordfjord 
- humanistisk seremoni 
- personleg gravferd etter eigne ønskjer 
Vi bistår også med desse oppgåvene :
- kontakt med prest 
- seremoni og transport 
- dødsannonser 
- blomster og musikk 
- gravstein 
- minnesamvær og minnebok 
Vi har tid til deg, lyttar og finn løysingar som passar for din situasjon.
Difor tilbyr vi gravferder frå det heilt enkle til det meir omfattande.
Du kan kontakte vårt begravelsesbyrå i Stryn døgnet rundt – vi er tilgjengelege når du treng oss.

